Ein ubehageleg lærepenge...

Idag i det strålande varme vêret bada vi (sjå tidlegare blogginnlegg) mykje for å kjøle oss ned. Så gjekk vi inn for å ete lunsj.

Barna blir jo alltid raskare ferdig enn dei vaksne, så gutane sette seg ned litt framfor tv'n. Eg ga minstejenta mat og gutane tulla og herja i sofaen litt før dei roa seg. Så sat vi der å prata og åt. Eg såg nokre bein som stakk fram frå stolen, og tenkte ikkje noke meir på det. Etter +- 5 min. seier mamma:"Kor er Eivind, det vart så stille...?" Eg som trudde han sat såg på tv gjekk bort å sjekka, men der var ingen Eivind.

Pappa såg nedom huset og eg gjekk bort til ytterdøra for å sjå om han hadde tenkt seg opp til bassenget. Eg ropa på han og plutseleg ser eg ein liten gut som sit inne i bilen vår. Eg vinka han utav bilen, men han kom ikkje ut. Eg innsåg at han hadde låst og gjekk inn for å hente nøkkelen.

Der var ingen nøkkel, og eg hadde jo låst bilen igår kveld (og lagt nøkkelen ned i ei glidlåslomme så eg visste kor den var)... Eg innsåg, ein smule stressa, at guten på 2,10 år hadde tatt nøkkelen og låst opp bilen. Han hadde gått inn i bilen, for så å låse med nøkkelen inni bilen.

Eg vart meir og meir stressa. Tenk om han fekk start på bilen, og bilen byrja å trille ned den bratte bakken... Eg prøvde å få han til å låse opp døra, men det skjønte han ikkje heilt. Så gjekk mamma over på passasjersida, og eg fekk han til å låse opp den andre døra(det var av ein eller annan grunn lettare).

Det var først når guten kom ut av bilen at eg innsåg kor varm han faktisk var. Guten hadde låst seg inne i ein bil som hadde stått i sola med vindua att heile dagen. Pappa meinte det iallefall var 60 grader inne i bilen. Det meir eg tenkjer på kor gale det faktisk kunne gått, det verre blir det. Tenk om det hadde tatt lenger tid før vi byrja å leite. Tenk om han hadde svimt av i bilen, då hadde eg ikkje sett hovudet som stakk opp. Bilen er nok ikkje første plass eg ville leita etter han, sidan den i teorien skulle vere låst.

Eg tok med meg ein litt medtatt og gloheit gut inn i dusjen og lot han kjøle seg av der ei stund, så fekk han is og godt med drikke og vart fort seg sjølv att. Men rundt 5 min. var meir enn nok for å innsjå at nøklane, sjølv kor godt skjult ein trur dei ligge, aldri skal ligge på ein plass der små barn kan finne dei. Eg kjem og til å passe ekstra godt på nøklane når vi er på tur og kanskje ikkje har med reservenøkkel, for ein veit aldri kva små barn faktisk kan finne på...

Nokon vil sikkert sei at det er logisk at nøklar ikkje skal ligge tilgjengeleg, men kor mange har ikkje ei skål på kommoden der nøkkelen ligg. Eller i ei skuff? Vi voksne veit at barna ikkje skal vere bort i slike voksenting, og ofte veit barna det óg, men det er ikkje alltid utforskande og kreative barn tenkjer på det i farta...

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

29, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits