Feberkramper med pustestopp

Min mann har skrive nokre ord om korleis vi opplevde det når minsteguten fekk feberkrampe med pustestopp.
 

Som småbarnsforeldre hadde vi såvidt høyrt om feberkramper. «Ved høg feber kan feberkramper oppstå. Feberkramper er ufarleg. Kortvarig pustestopp kan forekomme». Feberkramper er noko av det mest skremmande vi har opplevd med våre ungar. Punktum. I følge legane er det ufarleg, men vi skulle ynskje at blivande småbarnsforeldre hadde fått betre informasjon om kva feberkrampar er, kva tid det oppstår, korleis det artar seg, og kva ein skal gjere.

Søndag 9.desember 2012.
Vi var på søndagsbesøk hjå mine foreldre. Minstemann på 16 månader hadde litt feber og var slapp, men elles i ok form. Utover ettermiddagen merka vi at feberen steig litt, og at allmenntilstanden vart dårlegare. Eivind vart veldig slapp og klam, og søkte til oss vaksne. Vi kledde av han litt, og eg la han på magen min medan eg sat i lenestolen i stova. Guten var svært varm, og eg kjente kroppsvarmen stråle mot meg. Feber er ein naturleg forsvarsreaksjon mot infeksjonar, og det er såleis råda til at feberen i stor grad får gjere jobben sin uforstyrra. Febernedsettande medikament bør helst kun brukast ved unormalt høg feber.

Eivind hadde, som dei fleste småbarn, hatt høg feber før. Vi tolka dermed ikkje denne situasjonen som unormal. Brått merker eg at han rykker litt til. Først eit par små rykk, og deretter etterkvart regelmessige rykningar. Pusten stoppa opp litt mellom rykka, på samme måte som ved hikke. Eg hugsar at eg kommenterte overfor far min, som sat like ved, at no hadde Eivind truleg feberkramper. Eg hadde lest at feberkramper i nokre tilfeller kunne medføre kortvarig pustestans, men eg var likevel ikkje førebudd på det som no hendte.

Eivind sin pust stoppa brått. Eg merka det godt sidan han låg med hovudet på brystkassa mi. Han reagerte heller ikkje som normalt då eg prøve å få kontakt med han. Eg såg ned på han, og oppdaga at ansiktet hans var blått. (Små ungar har lave oksygenreservar, og mangel på oksygen vert dermed raskt synleg.) Eit par sekund blokka eg heilt ut, før eg fekk lagt han på golvet og sjekka luftvegane. I ein slik situasjon tenker ein berre på at ungen må få tilgang på oksygen. Etter kanskje 15-20 sekund utan pust vart eg meir og meir bekymra. Er det dette som er «korvarig pustestans»? Eg tok eit val, basert på instinkt og kjensla av at eg måtte gjere noko, og starta forsøk på innblåsingar. På små barn er det viktig og ikkje bruke stor kraft ved innblåsingar. Ofte held det med den lufta ein har i munnhola. Men då eg starta innblåsinga, møtte eg motstand. Luftrøret var blokkert, og eg fekk først ikkje lufta ned i lungane. Men etterkvart merka eg at litt av lufta likevel fekk passasje i mellom rykningane. Ikkje dei store mengdene, men nok til at eg følte eg var til hjelp. Pustestoggen skuldast at feberkrampene medførte tidvis stenging av luftrøret. På dette tidspunktet var ikkje Eivind medviten. Eg kjente min eigen puls dunke intenst.

Far min varsla raskt Hanne og mor mi, som var i etasjen under. Vår eldste son, då 6 år gamal, var òg vitne til det som skjedde. Hanne fekk ringt 113, og dei holdt kontakten via telefon medan ambulanse vart tilkalla. (I Noreg er det ikkje uvanleg at ein sjekkar opp feberkramper på sjukehus første gongen, for å utelukke epilepsi og eventuelt andre årsaker.) Vi var heldige som var i kort avstand til ambulansestasjonen på Sandane. Det vart sendt ut ambulanse. Vakthavande lege på legevakta rykka ut òg ut, i tillegg til ein ambulanse i retur frå Nordfjordeid. Personleg har eg i etterkant hatt problem med å erindre kor lenge eg holdt på med innblåsingar. For meg virka det ikkje så lenge, men dei rundt meg meiner at det var omlag 4-5 minutt. Du forstår no kanskje kvifor «kortvarig pustestopp» er eit vanskeleg begrep på svelge. Eg synest ikkje 4-5 min utan oksygen høyrest forsvarleg eller normalt ut, og hadde hatt store problem med og berre vente og håpe på at pusten kom igjen. Når din eigen unge ikkje får puste, gjer du alt i di makt for å hjelpe. Det er vurderingane dine der og då som gjeld. Overlegen på sjukehuset informerte meg seinare om at innblåsingar ikkje var naudsynt. Kanskje lett å seie i etterkant, men eg ville aldri ha vurdert dette på ein annan måte! Eg trur sjølv òg dei fleste helsepersonlell ville ha gjort det samme som meg. For du har ingenting å tape. Kjensla av å kunne hjelpe sitt eige barn i ein slik situasjon betyr så uendeleg mykje for oss som foreldre. Det er jo trass alt vårt inderlegaste ansvar og oppgåve; å sørge for at ungane våre har det bra.

Heldigvis tok krampene slutt etterkvart. Pusten kom tilbake, ansiktsfargen vart meir normal og guten vakna att. Det var herleg å høyre guten bable høgt i feberfantasiar! Tårene pressa på i augekroken. Det var òg ei veldig god kjensle å sjå blålysa bevege seg raskt langs hovudvegen opp frå Sandane, og det tok ikkje mange minutta før vi hadde første ambulanse på tunet. Guten vart sjekka, og det vart bestemt at ein skulle ta seg ein tur til sentralsjukehuset i Førde for kontroll.


Her ligg Eivind i sjukebilen, klar for avreise.

For oss foreldre var det godt å få bekrefta at vi hadde gjort alt riktig. Eldstemann på 6 år syntes sjølvsagt det heile var svært dramatisk, og fekk nok seg ein liten støkk når stova brått var full av ambulansepersonell. Normalt er det stas med sjukebil og blålys, men dette vart nok litt for nært... På sjukehuset vart vi godt mottatt på barneavdelinga, og Eivind vart grundig undersøkt. Dei ville ha han til observasjon over natta. Eg sov ikkje så godt den natta, men det var igrunnen fint å høyre den rolige pusten til Eivind ved sidan av meg gjennom natta. Vi fekk god informasjon og debrief frå lege, og han informerte litt om kva feberkrampar var.

Kort fortalt kan feberkrampar samanliknast med eit epileptisk anfall som skuldast ei «kortslutning» i hjernen grunna høg temperatur. Det er mest vanleg hos små barn, og ein reknar med at mellom 2-5% av ungane opplever dette. Det er ikkje uvanleg at eit barn opplever fleire tilfeller av feberkrampar. Kortvarig pustestopp kan òg forekomme, men ungane får visstnok i seg nok oksygen. Akkurat dette vart ikkje vårt inntrykk, og særleg ikkje med tanke på den lille oksygenreserven ungar i denne alderen har. For oss føltes lengda på pustestoppen særdeles ubehageleg. Det viktigaste ein kan gjere er å sørge for at pasienten ikkje skadar seg sjølv under anfallet. Med andre ord; sørge for at ungen ligg trygt, og at munn og svelg er fri for ev. framandlekamar. Ein bør løsne på stramme klede, og forsøke å kjøle ned kroppen. Ein kan gjerne ta med ungen utandørs, eller til eit kaldt rom. Og ved pustestopp, gi pustehjelp! Personleg synest eg at ein må bruke litt magefølelse og stole på sine eigne vurderingar. Gjer det du sjølv synest er best. Om du synest pustestoppen varer for lenge, skadar det ikkje med innblåsingar. Berre pass på at du ikkje bles for hardt. Spør gjerne lege i etterkant om å få resept på Stesolid (med aktivt virkestoff diazepam). Dette er eit beroligande medikament som kan settast i endetarmen dersom feberkrampene ikkje går over (ved varighet over 5 minutt). Har ein først fått feberkramper, er det ein høgare sjanse (ca 30%) for at dette kan skje igjen. Legevakthandboka på nett fortel dog ingenting om pustestopp ved feberkramper. 

I etterkant er vi no meir bevisste på høg feber hos ungane, og gir feberdempande medikament (paracetamol stikkpiller) ved temperaturar over 38,5 grader etter anbefaling frå lege. I tillegg er det lurt å kjøle ned ungen ved å fukte kroppen med ein våt klut. Feberkramper kan vere ei skikkeleg skremmande oppleving, spesielt i dei tilfella der ein òg får pustestopp. Det er litt rart at dette ikkje vert informert betre om på helsestasjonen. Eg trur dette hadde spart mange foreldre for unødig bekymring. Det er stor sjanse for at nokon i din omgangskrins har opplevd, eller kjem til å oppleve feberkramper, og det er stor variasjon i korleis det opplevast for kvar enkelt. I dei fleste tilfeller er anfallet over på nokre få minutt, utan at pusteevna vert berørt. Mange som opplever feberkramper får inntrykk av at ungen kjem til å dø, og dette stemmer òg med vår erfaring. Det er ei forferdelig skremmande oppleving, og særleg kombinert med langvarig pustestopp. Eg håpar dog at vår historie kanskje kan vere til litt hjelp, og at helsestasjonane vert flinkare til å informere om feberkramper. Ikkje for å skremme, men for å opplyse.

 Runar - far

Én kommentar

livjudit

21.06.2014 kl.14:35

Så godt at alt gikk bra! Er alltid tøft når en er oppi det selv!

Hanne

21.06.2014 kl.14:44

livjudit: Takk! ja, det var ingen god opplevelse, men kanskje kan dette vere med å gjere noken andre sin opplevelse litt mindre foferdeleg... det er lov å håpe iallefall...

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

29, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits