Tomt
Dette diktet er inspirert av ein god venn av meg som opplevde å miste kontakten med eindel folk, som veldig sårande. For når ein faktisk prøver å holde kontakten, men folk berre kuttar ein ut og ikkje gidd å ta kontakt attende; då føles ting berre tomt.
Tomt!
Det er tomt,
Det er stille
Ingen spør kva eg ville
Ingen tar kontakt
Eg har ingenting eg skulle sagt
Det kjennest tomt
Det kjennest trist,
Det var det eg burde visst
Dei gjekk
No er alle vekk
Tomme ord
Før dei for
Gode venner
Slike ein trur ein kjenner
Aldri meir seie hei
No går dei sin eigen vei...