Namnejakta

Av og til må ein vere forferdeleg kreativ og vri hjernen sin for å kome på ting som kan underholde litt sånn småsure-nettopp-stått-opp-barn, slik at ein kan snu den småsure trøtte trassen til noke artig for både mor og barn. Idag gjekk det av seg sjølv. Eg fekk idéen raskt og den slo ann ved første bokstav. Egentleg med ein gong eg rista litt på boksen med bokstavkjeks.



Det å prøve å finne alle bokstavane til å skrive 2,5-åringen sitt namn, og resten av alle familiemedlemma, samt å ete opp kjeksa etterpå, holdt han opptatt i godt og vel 30 minutt. Han meinte óg at han var veldig flinke for han delte kjeks med både meg og pappaen;)

Bokstavkjeks kan jo samanliknast med kinderegget, berre kanskje med litt meir pedagogisk innhald og litt mindre dill når det er oppete;)

Ha ein strålande fin laurdag!:)

2 kommentarer

Så smart! Det syntes de sikker var veldig gøy! Ha en fortsatt super påske :)

Lillebølla

19.04.2014 kl.18:28

Så lurt:) Bokstavkjeks er godt. Ha ei god påske.

Hanne

29.04.2014 kl.14:08

Takk begge to! Veldig kjekt var det, når ein føler ein får med barna på kjekke ting istedet for syting og klaging;) beklager så seint svar, men eg har ikkje vore innpå her på veldig lenge;)

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

29, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits