Egg(!)

I påska er det eggstremt viktig å kose seg eggstra mykje.

Her har vi nett vore på ei eggsepsjonellt spennande påskeeggjakt...



Dette er faktisk det 4. året barna våre har felles påskeeggjakt med søskenbarna sine. Ein koseleg tradisjon som eg håpar vi klarar å halde på nokre år til!

Bestefaren har laga gevær i tre til alle barnebarna sine, så det må vere med på jakta i tilfelle ein ser slike ting som ulv eller bjørn i skogen...;)

Ynskjer alle ei eggstremt god påske full av eggstraordinære mengder med sol og godterifyllte påskeegg! ;)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

29, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits