Chili con carne

Chili con carne trur eg er sånn samtlege i husstanden sitt favorittmåltid. Gratinert i omnen med salat og nachoschips, då er alle fornøgde



Vi lagar noke av middagen som "con carne" i små porsjonar, sidan barna ikkje er så glad i chili.

Her i huset er det mannen som har hovudansvaret for middagslaginga, og det er eg glad for. Ikkje det at eg er ein heilt elendig kokk, men ein finare måte å seie det på; er vel mindre spennande.... og meir usikker, men det kan nok mannen ta litt av skulda for, sidan han veit korleis han likar maten, og gjer beskjed om det;)

Chili con carne vert laga med:
Kjøtdeig, soltørka tomater, knuste tomater, paprika, vårløk, sopp (champignon), kidneybønner, chili
Eit hint av kanel,masse spisskummen og ein dæsj med koriander
Steik kjøtdeigen, ha oppdelt grønnsaker i panna og bland inn tomatane og bønner tilslutt.
Hell blandinga over i ei eldfast form, topp med ost, sett det i omnen til osten er ferdig og nyt! ;)
Etast sjølvsagt med nachoschips, eller i salat for dei som ynskjer eit sunnare alternativ.

Enkelt og likevel så utruleg godt, og ikkje minst sunt;)

3 kommentarer

Frk. Bogstad

06.04.2014 kl.22:59

Takk fø tips :)

Kamilla Haaland

06.04.2014 kl.23:09

så supergodt ut!

Hanne

07.04.2014 kl.09:22

Kamilla Haaland: Takk, ja det syns vi det er óg;)

Hanne

07.04.2014 kl.09:23

Frk. Bogstad: Enkelt, men likevel så godt, anbefala deg å prøve;)

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

29, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits