Enda eit dikt

Dikt er ein fasinerande ting syns eg. Aller mest likar eg sånne rett fram(laga med vilje;) nødrimdikt. I følgje mannen så er eg dronninga av nødrim, så sann mine ord; ingenting slår eit godt nødrim;)

Ein mann med sag

For ein behageleg dag
å tusle ilag
med ein mann med sag

Inga syt og klag
på ein vårryddedag
med ein mann med sag

Nyte sol i ro og behag
No er lyden ganske vag
frå ein mann med sag

På slik ein vårvidunderleg dag
full av sol og behag
er det som før, var ein mann med sag

No ein mann med øks...



Én kommentar

Myiie - en mammablogg

31.03.2014 kl.16:57

Hihi, så artig!:)

Hanne

04.04.2014 kl.09:21

Myiie: ;-)

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

29, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits