Rose

Eg er veldig glad i blomster, og rosa er absolutt ein favoritt. Eg har desverre totalt mangel på grønne fingra, så potteplanta overleve ikkje spesielt lenge om det er eg som passa på dei. Derfor syns eg det er så koseleg med blomsterbukettar, og aller helst så lika eg å få dei ;) Det skjer som regel berre når eg har bursdag, men då er det no ekstra koseleg å pynte litt óg.



Eg søkte litt på google for å sjå om eg fann ut kva rose betyr, og eg vart litt fascinert av kva eg fann (dei fleste tolkingane var ulike óg), men her er ei av tolkingane eg tok meg den frihet å låne frå google sine sider:

1 rose du er alt for meg
2-eg vil reise bort med deg
3-eg vil ha ei framtid med deg
4-eg takker deg
5-eg vil gjere alt for deg
6-eg trur ikkje på dine løfter
7-eg elskar deg
8-eg er evig din
9-eg vil vere åleine med deg
10-vil du bli min fru

Fargar

Rosa,eg er forelska i deg
rød, eg lengtar etter deg
oransje, eg er din venn
mørkerød, eg ventar på deg
fiolett, eg ønsker deg all lukke
gul, du er sola i mitt liv
kvit, eg trur du er ærleg og uskyldig

Ein bukett med rød, blå og kvite blomster er eit frieri.

Ja, blomster er fine, og eg skjønna den "si det med blomster"-greie, men eg vel å stille meg undrande til alle desse tolkingane på kva ting betyr... Eg vel å tenke at blomster generelt ar ein fin og enkel måte å sei takk, gratulerer, eg bryr meg/ er glad i deg, unnskyld osv. Og skal ein verkeleg fri, så bør ein vel heller finne favorittblomsten;)

Ha ein blomstrande fine dag, med solskin og fuglekvitter :)

2 kommentarer

Kristi Pedersen

31.03.2014 kl.09:52

så fint innlegg! :D håper uken din blir flott <3

Hanne

04.04.2014 kl.09:22

Kristi: Takk! og håpar du får ei fin helg! :)

Kristi Pedersen

04.04.2014 kl.09:24

tusen takk! <3

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

29, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits