Stusseleg

Idag er ein litt stusseleg dag. Eg merkar ofte at vêret ute påverka humøret inne, men eg har no merka meg oppgjennom åra at det er ikkje berre for meg Det gjeld. Så idag, som du ser, er dagen litt stusseleg...



Når eg sit å ser på regn og skoddevêr, så blir eg ofte meir tankefull. Reflektera over ting og tang.
Eg fekk nyleg vite at ei gamal tante er død. Eg har ikkje sett ho på mange år no, men då eg var yngre besøkte vi ho ofte. Ho var av den litt trauste gode sorten, som alltid hadde frysaren full av kaker. Ho sa alltid sjølv at : "nei, no har eg no ingenting å by dokke", men ho klarte no å fylle bordet med gode ting frå frysaren så vi kunne nesten trille ut dørene....
Mannen min var med å besøkte ho ein gong, så når ho har blitt omsnakka i ulike samanhengar, seier han alltid:" Å, er det ho med alle kakene?" ;) Eg ha alltid vore opptatt av å bruke omatt namn som har vore i familien. Alle tre barna våre er oppattkalla etter besteforeldre og oldeforeldre. Men minstejenta vår fekk namnet etter gode gamle tante Ida, måtte ho bli like snill og god som du! Og ikkje minst, like flink å bake kaker! :)

Kvil i fred kjære tante Ida!

Ingen kommentarer

Kjetil

24.03.2014 kl.17:03

;-(

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

28, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits