Hjelpelause

Eg får ofte ei kjensle av at folk ikkje innser kor godt vi har det. Vi klagar over at ditten og datten, spesielt det å t.d betale skatt.
Eg er så uendeleg takksam for at vi har eit samfunn som bygger på felles ansvar og goder deretter, uavhengig om ein har fleire millionar på bok eller ikkje.
For om det uheldigvis er du som ein dag står der med kroppsdeler som ikkje fungerar eller andre ting som gjer deg sjuk, så får ein som regel hjelp.
Jada; det er mykje som kan bli betre og alt det der. Det vil det alltid vere. Men i motsetning til andre land, har ikkje det med din private økonomi å gjere.

Likevel trur eg at sjølv om dei fleste er takksame for velferdstilboda vi har i Norge, så skulle dei som nyttar desse tilboda mest,
ynskje at dei slapp...

(2,5-åringar har klart sjølv)


Klare sjølv!

"Klale søl", det er starten.
Med litt fomling, skrik og gode ord
set ein opp farten,
mot det å bli stor.

Det å klare sjølv,
å få ei meistringkjensle
Sleppe all påtrengsle
Å vere avhengig av andre,
kven kan ein klandre

Sjølv om ein klagar mot bedre vit
må ein framleis vere andre sitt slit
Dei som prøver så hardt å hjelpe til,
alt frå smertelindring til alt mogleg dill...

Men bakom smil og stille takk,
bakom latter og kvardagsleg snakk
Er tanken; Tenk, om eg berre kunne klart det sjølv...

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

28, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits