Ein hyllest

Idag vil eg rette ein hyllest til bibliotekaren!

Frå gamalt av har jo bibliotekarar eit rykte for å vere gamle sure damer som stikk peikefingeren framfor trutmunnen med eit surt hysj(!). Eg vel å tru at dette er ein utdøande rase. Dei bibliotekarane eg kjenner til er hyggelege og hjelpsomme. Dei strekkjer seg langt for å hjelpe, og prøvar å finne det eg spør etter, sjølv om eg ikkje alltid veit kva eg vil ha eller kva det heiter. Nokre av av dei ser jo verkeleg ut som alt ein ser for seg i sine bibliotekarfordommar, men eg syns no det har sin sjarm eg.

Det er eigentleg det siste året eg har oppdaga det fantastiske med biblioteket. Eldstemann er nemleg byrja å interessere seg for Harry Potter. Biblioteket har ikkje bere alle bøkene, men óg filmane og lydbøkene. Dei har óg strikkebøker til mor og filmar til far. Eg har eigentleg likt å kjøpe bøker sjølv som vi kan ha her heime, men det kan fort bli dyrt og tar mykje plass. Så eg prisar meg lukkeleg for at vi har eit heilt gratis folkebibliotek som er ope for alle, enn så lenge...



Så gå difor ut og bruk biblioteket, så alle politikarar der ute kan sjå at dette er eit tilbod vi vil fortsetje å ha!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

28, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits