Innekos

Idag er det ein regnfull og grå dag. Vinden blese så det ula rundt husveggane.



Då er det jammen godt å sitte på kjøkenet med ein varm og god kaffekopp, og berre nyte utsikta.



Og det faktum at eg kan vere inne, og dikte litt...

 

Varme

Varmen kjem innanfrå og ut,

som strålar av glede og omsut.

Omsut for for deg og dine,

men óg å bry seg om alle dei hine.

 

Ein indre varme.

Å tolerere annleis utan harme.

Eit opent sinn

kan gje nye impulsar, vere vinnvinn.

 

Den indre varmen kan du finne,

ved å la kjærleike vinne.

Ved å nyte kvardagens stress og mas,

ta seg tid til litt fjas.

Sjå seg rundt og stoppe opp,

nyte roen, og ei sovande tulle, med ein kaffekopp.

 




3 kommentarer

Fabelaktig

06.03.2014 kl.13:20

Hei og takk for koselig hilsen inne hos meg- den gjorde meg hoppende glad!

Så søt lita tulle du har *smelt*

Koos deg inne!

klem

Frk. Bogstad

06.03.2014 kl.17:26

Eg tykkje eg skimtar sjokolade i den koppen ;) Mmmnamnam.

Flott dikt, mykje å tenke over. Eit ope sinn kan gje nye impulsar.. Takk :)

Ønsje deg og dine ein fine kveld :D

Takk for kommentar i min blogg :) No e det konf. kort eg lyt pense meg inn på.

Hanne

06.03.2014 kl.21:52

Fabelaktig: Det var fint at eg kunne gjere deg glad når du har så mange inspirerande og gode innlegg:) ja, ho er heilt nydeleg (heilt objektivt sett sjølvsagt;)

Hanne

06.03.2014 kl.21:57

Frk. Bogstad: sjokolade er ein sjølvsagt ingrediens når ein skal skrive dikt(egentlig når ein lagar kaffi generelt;)
Eg gledar meg til å sjå korleis konfirmasjonskorta blir sjåande ut:)

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

28, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits