Å gjere ting ein ikkje kan...

Å gjere ting ein ikkje kan så godt kan vere utruleg irriterande, ei prøve i tolmod, men likevel så utruleg spennande og kjekt.... 
Om ein faktisk får det til slik ein vil ;)

Akkurat no held eg på å strikke-hekle ein kjole til minstejenta mi, utan oppskrift. 
Strikkinga går fint, men hekling....
Tja, la oss sei det slik at etter to rundar med hekling har eg ilt i hendene fordi eg heklar altfor stramt,
men eg er veldig spent på det ferdige resultatet. Og om det faktisk blir eit ferdig resultat...

(Det er forøvrig meininga at kjolen skal vere smalare i livet;)


Korleis blir resultatet når du prøvar noke nytt?

Én kommentar

morogdatterhobbyglede

06.03.2014 kl.14:29

Så moro :D Så fint det ser ut :D

Hanne

06.03.2014 kl.21:53

morogdatterhobbyglede: Takk! Eg håpar det blir like bra når det er heilt ferdig;)

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

28, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då.

Kategorier

Arkiv

hits