Eit dikt frå mi samling

I desse OL-tider vil mitt første blogginnlegg vere eit dikt som eg har skrive for fleire år sidan. Diktet vart inspirert av at eg sto å hengde opp kle, men som no plutseleg er høgst aktuelt atter ein gong.
Så alle der ute som mena at urett mot andre kan aksepterast, tenk over kva du har på deg på beina...

Kvardagssyssel

Det var no her ein kveld
at eg måtte gjere noko husstell.
Eg hang opp sokkar og handdukar
ja, også eit par vaskeklutar.

Eg tenkte på alt,
Og ingenting...

Eg såg på sokkane som hang der på rad,
der hang det visst to like ilag.
Tanken slo meg som lyn frå klår himmel,
tankestraumen var blitt meir enn berre vrimmel.

Eg tok til å smile,
for dette har ikkje samfunnet tenkt på-

at sokkane er homofile...

3 kommentarer

Katrine Anita

12.02.2014 kl.10:18

Fantastisk. Måtte le litt.

Hanne

12.02.2014 kl.15:06

Takk Katrine Anita, eg må legge lista litt høgt veit du, så får eg sjå om eg klarar å følge opp;)

Kjetil

12.02.2014 kl.16:32

God som gull ;-)

Skriv en ny kommentar

Hanne

Hanne

28, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, alt og ingenting, krig og fred og politikk og sånn... Rett og slett det som opptar meg der og då (sjå favorittordspråk;)

Kategorier

Arkiv

hits