hits

23.10.2018

Ein illusjon

 

Ein illusjon

No skal eg illustrere,
Ja, med ord kreere
Ein illusjon som ofte får regjere.

Ein bursdagsblomst
I ein samankomst
Fekk tankane til å florere.

For det var inga bursdagskake, 
og då måtte eg rime litt, 
for slik er det jo berre blitt
"Bløtekake-
det må ein forsake,
for elles kan ein jo få dobbelhake".

Så slo det meg at eg støtta under illusjonen.
Det er så innprenta i heile generasjonen.

Alle veit at inntak av mat,
spela ei rolle om ein er aktiv eller "lat".
Men kven kan bestemme kva som er rett.
Ein veit som regel ikkje alt om dei med ekstra fett.

Ein kan trene og bevege seg masse, 
men blir likevel dømt som "lat" fordi ein drar rundt på det ekstra lasset.

Mengde, aktivitet og utsjånad er ikkje berre svart-kvitt
Hugs det før du slenge ut fordomsfull dritt.

Illusjonen i denne generasjonen 
Er at alle kan meine noke om alt
Men kort fortalt;

For å sjå og meine noko om verda til alle andre,
må ein på sitt eige perspektiv forandre!

 



 

Å tenke nytt

No var det visst på tide med eit nytt dikt, men slik er det... skal ein skrive noko så må ein vere litt inspirert av og til... så får vi sjå om det kjem meir inspirasjon etterkvart eller om det blir eit år til neste gong😜

 

 

Å tenke nytt!

Når ein gamle vanar skal endre, 
må ein dei ryggen vende.
Ein må ta steget ut av komfortsona
Lage nye tona.
Dette kan vere hardt, 
Av og til kjennast alt svart
Men viss ein står i kampens hete
Med alskens ulyda og stygge lete
Så må ein jo vakne ein vakker dag

og kjenne på kjensla av velbehag...?

Attfunnen

 

Attfunnen...

 

Så fann eg den her ein kvell'

Gøymt bak ein Sibir-Kornell

Den hadde funne seg godt tilrette

Mellom greiner som var sann passe tette

Den klatre opp grein for grein,

Opp mot der sola skein.

Ein klematis i utstrakt fargeprakt

Den som eigentleg var forlagt...

 


 

Alt ein ikkje visste...

No er det jammen lenge sidan eg har skrive noke inne på bloggen her, men slik blir det av og til...

Her er iallefall eit lite dikt frå meg på ein tysdags ettermiddag...

 

Alt ein ikkje visste

 

Bølgene rullar inn mot land 

Rullar inn og vaskar sand

Skjular spor

Gøymer det som gror

 

Gøymer alt ein ikkje visste

Både av glede, og det triste

Ord kan seiast,

men kjenslene teiast...

 

 

Feil!

Feil!

Å gjere feil
Er som eit nett av kvelande trådar,
som at alle rundt ein frådar.
Å gjere feil
Er daglegdags
det er umogleg å gjere alle til lags
Å gjere feil
Er som ein klump i magen
ein går og kjenner på den heile dagen.
Å gjere feil
Kan gje mang ein ny tanke
det er frå eigne feil, ein best ny lærdom kan sanke.

 



Toleranse!

Toleranse!

Å vere tolerant,
er ganske kurant.
Vi må gje kvarandre ein sjanse,
med alle sin musikk kan vi danse.
Opne opp hjarte for å forstå,
men vis dei óg vegen å gå.
Vis at vi óg har ein kultur,
utan å vere dømmande og sur.
For toleranse går begge vegar,
men då må mange ned frå sine høge stegar.
Med lukka hjerte og framandfrykt,
kan det framover bli ganske stygt..
Ein standard for deg og ein for meg
for du må vere takknemleg, og eg...
Eg vart fødd her eg....

 

Arnulf Øverland seier så godt "...du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv!..."

Eit barn eg kjenner fortalde meg at ho visste korleis ein skulle vere med andre; "for det du vil at dei skal gjere mot deg, skal du óg gjere med dei! "

Dette er viktige ting å ta med seg på ein laurdagsmorgon, så nyt kaffien din og tenk på denne vesle jenta på 5 år sine velkjente, men likefullt kloke ord!

 

 

 

Å følge draumen

Eg er ganske fasinert av alle der ute som står på fordi dei har ein draum.

Dei som satsar med begge beina, og hopppar i blinde. Framtida er uviss og fallhøgda kan vere stor, men dei som verkeleg satsar klarar det faktisk.

Nokon må verkeleg jobbe på, men dei klarar fatisk ofte å oppnå draumen sin.

 

Ein draum er sjølvsagt subjektiv. Det kan vere ting som å ta OL-medalje, kunne leve av musikken sin, å starte si eiga bedrift, segle jorda rundt, gå på ein høg fjelltopp,

men òg så veldig mykje meir.  Somsagt ganske så subjektivt.

Poenget er at ein tør å satse på noko ein har trua på, og brenne for. At ein berre hoppar i det med stort pågangsmot og innsatsvilje...

 

Så det store spørsmålet er... kva er forskjellen på dei som tør å satse alt på draumen sin, medan andre kanskje vel å la vere?

 

Eg trur det handlar mykje om å ha trua på seg sjølv. 

Det å tørre og stole på seg sjølv og rett og slett ha trua på at ein er



Å drøyme

Det er mykje ein kan seie med store ord

mykje ein kan gjere,

men sjeldan utan eit klagekor.

Kor sterk må  ein vere

for å stå på eigne bein?

Ha trua på seg sjølv

utan å vere for sein.

for å ta gull framfor sølv.

Kor sterk må ein vere 

for å følge sin draum

for å lage ein atmosfære

basert på sin eigen saum

Kor sterk er du i di tru

på at du kan lukkast

"berre" som du?

 

 

Så det store spørsmålet er; Tør du å følge draumen din? Tør du å ha trua på deg sjølv og at du er god nok?

 

Takk til myke mule for lån av bilete.

 

 

 

To sider av same sak

No var det visst påtide med eit lite innlegg att. Inspirasjonen er ikkje den heilt store, men å skrelle ein løk lag for lag, kan gje inspirasjon på mange måtar😉

 

To sider av same sak

Ofte vil ein framstå som frisk og sunn
så då ser vi det overfladiske kun
Ein ser berre ein smak
Av personen sine flak
Ikkje kva som ligg og ulmar
Det berre ligg under og svulmar

Vi kan ikkje vite
Og vi treng ikkje tru
Å meine gjer mange
Med skrekk og gru

Det er alltid to sider av same sak,
Og uansett kor ein snur seg, er enden bak.

Høymolen!

Ode til Høymolen!

Du står der så rak i rygg,
ein kan med rette seie at du er ganske stygg.
Du vekse opp på alle plassa,
bryr deg lite om eg saksa kvassa.
Du er sterk og vekse der du vil,
det er ikkje mykje jord som skal til.
Kvar dag eg går her og deg nappar,
men du sender ut frø som skadene lappar.
Ein evig rundans,
det har vi to.
Om kjærleiken var like sterk som deg,
ville den aldri slutte å gro...



 

 



Eit lite hjartesukk

Åh!

Eg har alltid hatt problem med å forstå,
Kvifor kan ikke folk få finne sin eigen veg å gå?
Såsant ein ikkje er til skade for seg sjølv eller andre,
Kvifor skal noken då kritisere den vegen ein vil vandre.

Dersom ein vel å ha ei tru,
er ein anten sjølvmordsbomber eller har lav IQ.
Dersom ein vel å jobbe i butikk,
Ja, nei, stakkars deg-det var vel det du fikk...
Ein skal trene og leve sunt,
men prøv deg ikkje på eigne stunt(!)

Å vere ekstrem er sjølvsagt aldri bra,
men å skulde på alle for det nokon ein gong sa...
Det er vel ikkje slik ei verd vi vil ha?!?

 

Å blogge

Å blogge

har vore hardt

houdet har vore tomt

å stogge

har vore rart

så det var litt domt.

men tida

har ikkje strekt til

så kanskje no når det er fri

eg sida

fylle vil.....

for då skal ein jo liksom ha ti......

 

Du er Verdifull!

"Den størst gleda ein kan ha, det er å gjere andre gla'". 
Dette er så sant som det er sagt, men det er óg å gje andre verdi.
Du er verdt mi merksemd, du har verdi!
Så gå difor ut å gje andre verdi. Ta ein tlf/ avtal eit besøk/send ei mld til nokon du ikkje har snakka med på ei stund!

 

Verdi

Gje av di ti'
Vis andre verdi
Spre glede og omtanke
Sjølv om dagen er full,
vis nokon rundt deg

at: Du er verdifull!

 

 

Til Mor

Det har blitt lite blogging sidan eg byrja å jobbe att. No går dagane i eitt og eg er klar til å legge meg omtrent når ungane er komne i seng. Med andre ord lite tid til å motivere seg sjølv til å la seg inspirere i kvardagen.
Men slik er kvardagen som småbarnsmor, så då får det berre bli som det blir. Viss eg har ork og inspirasjon, så dukkar det nok opp eit lite dikt eller innlegg av eit eller anna slag😉

Til Mor

Å vere sliten, trøtt og lei
å føle seg kjip og lite grei
Slik er det å vere mor

Å la tårene trille
så bekymra og stille
Slik er det å vere mor

Å tørke opp og vaske av
i søkk og kav
Slik er det å vere mor

Å kjenne seg uendeleg takknemleg
for gode og varme barnesteg
Slik er det å vere mor

Gratulerer med morsdag!

Fest!

No er det fest!
La oss feire og vere glade.
Ja, for det var jo slik de ville ha det.

Alle de som stemte dei fram,
endring for endring si skyld,
på tomme løfter og uopna program

Eit samfunn med klasseskille
og meir til dei rike.
Ja, eit slikt samfunn kan vi like.

Menneskeverd, kva er vel det?.
Så sant ein har pengar,
er ein jo allereie med.

Her står vi stolte og feirar dei rike,
med skattelette og Segway
kan dei oss berike.

Hell i champagnen!
For her blir det fest!
Skål for stønadskutt og mindre til folk flest...

Så var det på'an igjen.... ;)

Det er haust, og eg er no plutseleg byrja å jobbe att. Rart, men óg godt! Dessutan er det no litt kjekt når han far skal stelle heime :)

Ha ein strålande haustmorgon! ;)

Kvardag

Kvardag

Då var kvardagen atter her
Tidleg opp
Sjeldan på topp
Morgensuring og høge "NEI"
Tolmod må til for å ikkje bli lei
Alle ut av døra
ALTfor seint,
men det visste eg frå før av.....

Eg har heldigvis att nokre veker av permisjonen min. Så akkurat no skal eg nyte eit hus fullt av fred og ro, iskaffi og utsikt, medan minstetulla søve...



Ha ein fin kvardag godtfolk ;)

Ferie

Det skal no seiast at ferien vår ikkje har vore av dei verste, men i periodar med pakking for å få med alt... Ungar som sitrar av forventning og spennig på kva som skal skje. Og herjar rundt fordi det er kjedeleg å vente, så kan ferielivet bli ein smule utfordrandre for einkvar...

Ferie

Ut på tur
Aldri sur

Slikt er berre myte
Stress og mas
Pakking og fjas
Det er ikkje berre barna som syte

No kjem kvardagens hit og dit,
Fram og attende
Til våre vante rutiner set vi vår lit
Så godt med det kjende

Så kan vi sjå mot neste år
Ferien skal jammen bli flott!
Forventning om avslapping og familikos vi får
At vi gløyme fort, er igrunn ganske godt....

Ein ubehageleg lærepenge...

Idag i det strålande varme vêret bada vi (sjå tidlegare blogginnlegg) mykje for å kjøle oss ned. Så gjekk vi inn for å ete lunsj.

Barna blir jo alltid raskare ferdig enn dei vaksne, så gutane sette seg ned litt framfor tv'n. Eg ga minstejenta mat og gutane tulla og herja i sofaen litt før dei roa seg. Så sat vi der å prata og åt. Eg såg nokre bein som stakk fram frå stolen, og tenkte ikkje noke meir på det. Etter +- 5 min. seier mamma:"Kor er Eivind, det vart så stille...?" Eg som trudde han sat såg på tv gjekk bort å sjekka, men der var ingen Eivind.

Pappa såg nedom huset og eg gjekk bort til ytterdøra for å sjå om han hadde tenkt seg opp til bassenget. Eg ropa på han og plutseleg ser eg ein liten gut som sit inne i bilen vår. Eg vinka han utav bilen, men han kom ikkje ut. Eg innsåg at han hadde låst og gjekk inn for å hente nøkkelen.

Der var ingen nøkkel, og eg hadde jo låst bilen igår kveld (og lagt nøkkelen ned i ei glidlåslomme så eg visste kor den var)... Eg innsåg, ein smule stressa, at guten på 2,10 år hadde tatt nøkkelen og låst opp bilen. Han hadde gått inn i bilen, for så å låse med nøkkelen inni bilen.

Eg vart meir og meir stressa. Tenk om han fekk start på bilen, og bilen byrja å trille ned den bratte bakken... Eg prøvde å få han til å låse opp døra, men det skjønte han ikkje heilt. Så gjekk mamma over på passasjersida, og eg fekk han til å låse opp den andre døra(det var av ein eller annan grunn lettare).

Det var først når guten kom ut av bilen at eg innsåg kor varm han faktisk var. Guten hadde låst seg inne i ein bil som hadde stått i sola med vindua att heile dagen. Pappa meinte det iallefall var 60 grader inne i bilen. Det meir eg tenkjer på kor gale det faktisk kunne gått, det verre blir det. Tenk om det hadde tatt lenger tid før vi byrja å leite. Tenk om han hadde svimt av i bilen, då hadde eg ikkje sett hovudet som stakk opp. Bilen er nok ikkje første plass eg ville leita etter han, sidan den i teorien skulle vere låst.

Eg tok med meg ein litt medtatt og gloheit gut inn i dusjen og lot han kjøle seg av der ei stund, så fekk han is og godt med drikke og vart fort seg sjølv att. Men rundt 5 min. var meir enn nok for å innsjå at nøklane, sjølv kor godt skjult ein trur dei ligge, aldri skal ligge på ein plass der små barn kan finne dei. Eg kjem og til å passe ekstra godt på nøklane når vi er på tur og kanskje ikkje har med reservenøkkel, for ein veit aldri kva små barn faktisk kan finne på...

Nokon vil sikkert sei at det er logisk at nøklar ikkje skal ligge tilgjengeleg, men kor mange har ikkje ei skål på kommoden der nøkkelen ligg. Eller i ei skuff? Vi voksne veit at barna ikkje skal vere bort i slike voksenting, og ofte veit barna det óg, men det er ikkje alltid utforskande og kreative barn tenkjer på det i farta...

Sydenstemning

Idag er det sydenstemning i hagen til ho mor og han far. 25+ i bassenget og alle ut i for å kjøle seg ned. Til og med meg ;)


Bassenget har han far spylt ut av steingrunnen og elles har han laga til reine ferieparadiset i eigen hage. Vi er heldige som ikkje treng å reise på ferie for å oppleve syden. Vi tek oss berre ein tur heim til ho mor og han far... Ha ein fortreffeleg ferie! :)

Dei små ord

Små ord

Det er dei små ord
som betyr mest på vår jord.
Det er dei som gjev den største gleda
Dei som varmar lang inn under kleda.

Dei kan vere ein ny start
på noke som har vore hardt
Eller berre ei evigvarande kjensle
av at vår kjærleik kjenne ingen grense

Eit unnskyld
Eller å hugse eit; eg elskar deg
Då er du komen lang på veg!



Førde Internasjonale folkemusikkfestival

Eller Førdefestivalen som vi seier, er ei oppleving eg prøvar å prioritere. Det er ei god blanding av kjekk, fin og rar musikk, men alt er likevel ei fasinerande oppleving. Hit kjem folk med sin tradisjonelle musikk frå sitt land og møte andre gjennom ord, kroppspråk og mest av alt musikk. Eg syns det er bra at ein liten by som Førde har fått til noke som er ei så flott oppleving for dei fleste.

Barna mine var fasinert av rytmer, fargar, lukter, lyd og lys.

På laurdagen har dei ein parade der artistane dansar, spelar og syng seg gjennom gatene. Paraden vart avslutta med ei gratiskonsert på Torgscena. Rytmen, musikken, dansen og entusiasmen frå scena virka trollbindande på mellomste guten vår på snart 3 år. Det er ikkje ofte han har tida til å stå så lenge i ro.

 


MInstejenta vår var med på Gallakonserten som er ein konsert med nokre av artistane som har hatt konsert under festivalen. Ho sat heilt roleg med vidåpne auge, og såg på alt som skjedde. Så song ho litt med til tonane frå ho Unni Løvlid. Smilet gjekk frå øyre til øyre, så det virka som ho kosa seg. 





ikkje det beste bildet eg har tatt, men alle desse flotte fargane var kjekke å sjå på. Også var String Sisters veldig kjekke å høyre på! :)

Så då er det berre å glede seg til neste år, for nye musikkopplevingar! 

Ut på tur!

I dag for vi ut på ein støylstur. Ein av dei få turane hittil (vi satsar på at det fortset slik;) med heile familien der ingen var utprega sure. Alle (som kan gå) var flinke og gjekk mykje sjølv. Det regna litt og var litt kaldt då vi sette oss for å ete, men med fjellduken kunne vi kose oss under "tak" medan vi åt;)

Så kom sola fram, men i bakgrunnen lurte mørke skyer og vi høyrde torden som nærma seg. Så vi pakka saman og tusla oss nedover att.



Når ein har ein liten gut på snart 3 år, som skal "klale søl" så er tusle det rette begrepet. Eg fekk overbevist han om at han hadde lyst å sitte i bæremeisa eit lite stykke, sidan dei mørke skyene nærma seg faretruande, men regnet uteblei. Så då vi nærma oss bilen sopass at vi kanskje klarte og nå den utan å bli heilt kliss, fekk han gå sjølv. Alt er spennande for ein slik liten kropp. Både det å sjå på saudene, eller stoppe opp kvar gong det tordna for å seie -"shhh, hørte du det mamma, hørte du?". Eller det å bli like overbegeistra kvar gong vi gjekk mellom nokre høge tre for då gjekk vi inn i huset...

Så ordet tusla stemme veldig bra, men det er no litt koseleg å gå sånn òg. Når ein berre stressa ned og tar seg litt tid til det ;)

Vi brukte faktisk så lang tid at då vi var køyrande på heimveg, så møtte vi naboen vår (som vi òg møtte då vi var på veg opp mot støylen). Han kom køyrande for å sjå etter oss. For medan vi hadde stått og sett på dei mørke skyene på avstand, så hadde det regna og hagla så mykje lenger ned i dalen at det hadde vore heilt kvitt på bakken. Då tenkte eg litt for meg sjølv, at jammen er vi heldige som har så snille og omtenksomme naboar rundt oss (og ja, det er naboar i fleirtal;)

Slik såg det ut framfor inngongspartiet då vi kom heim... 

Ungane sprang ute og herja i regnet (skulle nesten ikkje trudd dei hadde vore på tur) og gjorde seg kliss våte, men det gjorde ingenting sidan vi berre kunne gå inn og ta av det våte etterpå.

Ha ei fin komande veke! :)

Feberkramper med pustestopp

Min mann har skrive nokre ord om korleis vi opplevde det når minsteguten fekk feberkrampe med pustestopp.
 

Som småbarnsforeldre hadde vi såvidt høyrt om feberkramper. «Ved høg feber kan feberkramper oppstå. Feberkramper er ufarleg. Kortvarig pustestopp kan forekomme». Feberkramper er noko av det mest skremmande vi har opplevd med våre ungar. Punktum. I følge legane er det ufarleg, men vi skulle ynskje at blivande småbarnsforeldre hadde fått betre informasjon om kva feberkrampar er, kva tid det oppstår, korleis det artar seg, og kva ein skal gjere.

Søndag 9.desember 2012.
Vi var på søndagsbesøk hjå mine foreldre. Minstemann på 16 månader hadde litt feber og var slapp, men elles i ok form. Utover ettermiddagen merka vi at feberen steig litt, og at allmenntilstanden vart dårlegare. Eivind vart veldig slapp og klam, og søkte til oss vaksne. Vi kledde av han litt, og eg la han på magen min medan eg sat i lenestolen i stova. Guten var svært varm, og eg kjente kroppsvarmen stråle mot meg. Feber er ein naturleg forsvarsreaksjon mot infeksjonar, og det er såleis råda til at feberen i stor grad får gjere jobben sin uforstyrra. Febernedsettande medikament bør helst kun brukast ved unormalt høg feber.

Eivind hadde, som dei fleste småbarn, hatt høg feber før. Vi tolka dermed ikkje denne situasjonen som unormal. Brått merker eg at han rykker litt til. Først eit par små rykk, og deretter etterkvart regelmessige rykningar. Pusten stoppa opp litt mellom rykka, på samme måte som ved hikke. Eg hugsar at eg kommenterte overfor far min, som sat like ved, at no hadde Eivind truleg feberkramper. Eg hadde lest at feberkramper i nokre tilfeller kunne medføre kortvarig pustestans, men eg var likevel ikkje førebudd på det som no hendte.

Eivind sin pust stoppa brått. Eg merka det godt sidan han låg med hovudet på brystkassa mi. Han reagerte heller ikkje som normalt då eg prøve å få kontakt med han. Eg såg ned på han, og oppdaga at ansiktet hans var blått. (Små ungar har lave oksygenreservar, og mangel på oksygen vert dermed raskt synleg.) Eit par sekund blokka eg heilt ut, før eg fekk lagt han på golvet og sjekka luftvegane. I ein slik situasjon tenker ein berre på at ungen må få tilgang på oksygen. Etter kanskje 15-20 sekund utan pust vart eg meir og meir bekymra. Er det dette som er «korvarig pustestans»? Eg tok eit val, basert på instinkt og kjensla av at eg måtte gjere noko, og starta forsøk på innblåsingar. På små barn er det viktig og ikkje bruke stor kraft ved innblåsingar. Ofte held det med den lufta ein har i munnhola. Men då eg starta innblåsinga, møtte eg motstand. Luftrøret var blokkert, og eg fekk først ikkje lufta ned i lungane. Men etterkvart merka eg at litt av lufta likevel fekk passasje i mellom rykningane. Ikkje dei store mengdene, men nok til at eg følte eg var til hjelp. Pustestoggen skuldast at feberkrampene medførte tidvis stenging av luftrøret. På dette tidspunktet var ikkje Eivind medviten. Eg kjente min eigen puls dunke intenst.

Far min varsla raskt Hanne og mor mi, som var i etasjen under. Vår eldste son, då 6 år gamal, var òg vitne til det som skjedde. Hanne fekk ringt 113, og dei holdt kontakten via telefon medan ambulanse vart tilkalla. (I Noreg er det ikkje uvanleg at ein sjekkar opp feberkramper på sjukehus første gongen, for å utelukke epilepsi og eventuelt andre årsaker.) Vi var heldige som var i kort avstand til ambulansestasjonen på Sandane. Det vart sendt ut ambulanse. Vakthavande lege på legevakta rykka ut òg ut, i tillegg til ein ambulanse i retur frå Nordfjordeid. Personleg har eg i etterkant hatt problem med å erindre kor lenge eg holdt på med innblåsingar. For meg virka det ikkje så lenge, men dei rundt meg meiner at det var omlag 4-5 minutt. Du forstår no kanskje kvifor «kortvarig pustestopp» er eit vanskeleg begrep på svelge. Eg synest ikkje 4-5 min utan oksygen høyrest forsvarleg eller normalt ut, og hadde hatt store problem med og berre vente og håpe på at pusten kom igjen. Når din eigen unge ikkje får puste, gjer du alt i di makt for å hjelpe. Det er vurderingane dine der og då som gjeld. Overlegen på sjukehuset informerte meg seinare om at innblåsingar ikkje var naudsynt. Kanskje lett å seie i etterkant, men eg ville aldri ha vurdert dette på ein annan måte! Eg trur sjølv òg dei fleste helsepersonlell ville ha gjort det samme som meg. For du har ingenting å tape. Kjensla av å kunne hjelpe sitt eige barn i ein slik situasjon betyr så uendeleg mykje for oss som foreldre. Det er jo trass alt vårt inderlegaste ansvar og oppgåve; å sørge for at ungane våre har det bra.

Heldigvis tok krampene slutt etterkvart. Pusten kom tilbake, ansiktsfargen vart meir normal og guten vakna att. Det var herleg å høyre guten bable høgt i feberfantasiar! Tårene pressa på i augekroken. Det var òg ei veldig god kjensle å sjå blålysa bevege seg raskt langs hovudvegen opp frå Sandane, og det tok ikkje mange minutta før vi hadde første ambulanse på tunet. Guten vart sjekka, og det vart bestemt at ein skulle ta seg ein tur til sentralsjukehuset i Førde for kontroll.


Her ligg Eivind i sjukebilen, klar for avreise.

For oss foreldre var det godt å få bekrefta at vi hadde gjort alt riktig. Eldstemann på 6 år syntes sjølvsagt det heile var svært dramatisk, og fekk nok seg ein liten støkk når stova brått var full av ambulansepersonell. Normalt er det stas med sjukebil og blålys, men dette vart nok litt for nært... På sjukehuset vart vi godt mottatt på barneavdelinga, og Eivind vart grundig undersøkt. Dei ville ha han til observasjon over natta. Eg sov ikkje så godt den natta, men det var igrunnen fint å høyre den rolige pusten til Eivind ved sidan av meg gjennom natta. Vi fekk god informasjon og debrief frå lege, og han informerte litt om kva feberkrampar var.

Kort fortalt kan feberkrampar samanliknast med eit epileptisk anfall som skuldast ei «kortslutning» i hjernen grunna høg temperatur. Det er mest vanleg hos små barn, og ein reknar med at mellom 2-5% av ungane opplever dette. Det er ikkje uvanleg at eit barn opplever fleire tilfeller av feberkrampar. Kortvarig pustestopp kan òg forekomme, men ungane får visstnok i seg nok oksygen. Akkurat dette vart ikkje vårt inntrykk, og særleg ikkje med tanke på den lille oksygenreserven ungar i denne alderen har. For oss føltes lengda på pustestoppen særdeles ubehageleg. Det viktigaste ein kan gjere er å sørge for at pasienten ikkje skadar seg sjølv under anfallet. Med andre ord; sørge for at ungen ligg trygt, og at munn og svelg er fri for ev. framandlekamar. Ein bør løsne på stramme klede, og forsøke å kjøle ned kroppen. Ein kan gjerne ta med ungen utandørs, eller til eit kaldt rom. Og ved pustestopp, gi pustehjelp! Personleg synest eg at ein må bruke litt magefølelse og stole på sine eigne vurderingar. Gjer det du sjølv synest er best. Om du synest pustestoppen varer for lenge, skadar det ikkje med innblåsingar. Berre pass på at du ikkje bles for hardt. Spør gjerne lege i etterkant om å få resept på Stesolid (med aktivt virkestoff diazepam). Dette er eit beroligande medikament som kan settast i endetarmen dersom feberkrampene ikkje går over (ved varighet over 5 minutt). Har ein først fått feberkramper, er det ein høgare sjanse (ca 30%) for at dette kan skje igjen. Legevakthandboka på nett fortel dog ingenting om pustestopp ved feberkramper. 

I etterkant er vi no meir bevisste på høg feber hos ungane, og gir feberdempande medikament (paracetamol stikkpiller) ved temperaturar over 38,5 grader etter anbefaling frå lege. I tillegg er det lurt å kjøle ned ungen ved å fukte kroppen med ein våt klut. Feberkramper kan vere ei skikkeleg skremmande oppleving, spesielt i dei tilfella der ein òg får pustestopp. Det er litt rart at dette ikkje vert informert betre om på helsestasjonen. Eg trur dette hadde spart mange foreldre for unødig bekymring. Det er stor sjanse for at nokon i din omgangskrins har opplevd, eller kjem til å oppleve feberkramper, og det er stor variasjon i korleis det opplevast for kvar enkelt. I dei fleste tilfeller er anfallet over på nokre få minutt, utan at pusteevna vert berørt. Mange som opplever feberkramper får inntrykk av at ungen kjem til å dø, og dette stemmer òg med vår erfaring. Det er ei forferdelig skremmande oppleving, og særleg kombinert med langvarig pustestopp. Eg håpar dog at vår historie kanskje kan vere til litt hjelp, og at helsestasjonane vert flinkare til å informere om feberkramper. Ikkje for å skremme, men for å opplyse.

 Runar - far

Så langt...

Så langt...

Så endelaust langt det er å gå
Så tungt det er å forstå
At å stå opp og ned ved ein kjøkkenvask
Eller gå runden, og rydde saman rusk og rask
Kan gjere meg så tom og dvask

Så endelaust langt å gå
Nei då vil eg heller strekke meg
Frå topp til tå
I min sofa som er grå...



Eller som mange har sagt før meg:
Arbeidslyst, kom treng deg på.
Her skal du motstand finne!

Ha ei fin helg alle saman! :)

Flaks!

Idag følte eg meg heldig! Eg tok meg ein tur til Øvrebø smykkeverkstad for å hente ei eit armband eg har bestilt. Det er ei lokal bedrift som ligg på Ålhus i Jølster (og ho har eiga heimeside så ein kan bestille på nett;)
Dette innlegget er ikkje sponsa, men ho laga så mykje fint at eg syns ho fortena litt reklame :)

Men uansett, grunnen til at eg følte me heldig var at eg fann noko eg ikkje klarte å reise ifrå...
Idag kjøpte eg meg mi aller første hardingfele. Den var heilt nydeleg og ikkje minst litt av eit røvarkjøp ;)



Kanskje ein vakker dag har eg råda til ei heilt ekte ei, men denne får duge så lenge ;) Så får eg heller hinte litt meir til mannen om kor mange fine handlaga smykker ho har på Øvrebø smykkeverkstad....
Sånn fram mot jul.... ;)

Skogstur

Vi har så mange flotte stier i skog og mark kring her. Så no når kroppen endeleg byrjar å fungere etter fødselen, er planene å få utforska desse stiane rundt omkring.
Desverre er det mange flotte stiar i skog og mark som gror att, fordi folk gløymer å bruke dei, til fordel for ulike skogsvegar som dukkar opp istedet. Så ta deg ein tur ut i skogen, finn deg ein sti og sjå kor den går;)



Einsleg og gløymt

Ei einsleg grind
Blafrar i stille vind
Ein mur som vitne om tidlegare tider
då grinda ofte for til begge sider.
Mosegrodd, gamal og glømt,
muren og grinda står der forsømt...

Edle dråper eller spilt melk?

Alle vil ha det, men ingen vil betale for det!
Nasjonalromantikken blomstrar for fullt. Vi er opptatt av mat som aldri før! Den skal vere sunn, kortreist, økologisk og det aller beste er om den er norsk, ja også billig då sjølvsagt. Maten i norge er igrunn altfor dyr, iallefall med tanke på at vatn tappa på flaske kosta meir enn melk tappa frå ku.



Er ikkje melka bra nok å nytast i eit krystallglas?
Vi kan jo trass alt velge om vi vil kjøpe vatn dyrt på butikken, eller drikke reint vatn frå springen heime. Vi kan óg velge om vi vil ha god norskprodusert mat i heile landet. Der dyra er passeleg mange og blir følgt opp på ein god måte.

I norge har vi ein stor fordel. Vi alle er med og bidrar til fellesskapet; vi betalar skatt. Desse pengane er med på å gje oss gratis/billigare helseteneste og skule, billigare og eit variert utval av aviser og kulturelle tilbod(m.m), og ikkje minst staten er med og betalar bonden for den jobben han gjer. Dette fører til at du som forbrukar slepp å betale det det faktisk kostar å produsere maten du ete.
Eg les óg fleire innlegg der folk skrive at bøndene liksågodt kan nave eller skaffe seg skikkeleg jobbar, og eg berre spør; kva tenkjer folk med? Meina dei dette, eller er det berre ein morsomhet?

Eg er vokst opp på gard. Eg veit at det er mykje jobb der og eg veit mange som aldri hadde klart det! Ein kan ikkje berre ta seg fri ei helg, eller reise til syden ei veke. Om ein blir invitert i bursdag eller bryllaup, eller nokon nære dør så kan ein ikkje reise med mindre ein har avløysar. For ein kan ikkje berre reise frå dyra sine. Det er ikkje eit lukrativ yrke. Det er ein hard jobb og det er dårleg betalt, men det er klart at å vere bonde er eit val dei har tatt. Og takk og pris for at dei har tatt det! Takk og pris for at dei ofra så mykje for å gjere ein jobb som er så viktig! Tusen takk for at de gjer oss gode kjøtprodukt og melkeprodukt frå dyr som er avla opp på sunt norsk gras. I norge så kan ein faktisk rekne den meste av maten for tilnærma økologisk fordi det er basert på eigenprodusert mat til dyr, iallefall samanlikna med eindel andre land der dei avla opp dyra sine med kraftfor tilsett med antibiotika....
Takk for egg, frukt, grønsaker og kornprodukt!

Så istedenfor å hakke på bonden og be han om å gjere ein skikkeleg jobb, så verdsett den jobben han har valt å gjere. Sei tusen takk til alle som ynskjer å produsere god norsk mat, legg tilrette for at det skal lønne seg å vere bonde i heile vårt vidstrakte land. Slik at vi ikkje gjer oss avhengige av andre land for å få mat. Slik at andre land ikkje kan presse sine meiningar på oss ved å nekte oss å handle med dei. Eller vi står utan mat fordi dei prioriterar sine eigne framfor lille Norge, krig og dyresjukdomar er óg ting som talar for å kunne produsere sjølv! La oss støtte bonden sitt arbeid med å halde kulturlandskapet vakkert, slik at turistane vil fortsette å kome hit. La oss støtte bonden slik at han kan vere bonde, og alle som jobbar på meieri, slakteri og med sal av landbruksmaskiner, køyrer for, elektrikarar og tømrarar som er innom ulike bønder i nærområda sine, framleis har ein jobb!

Istedenfor å sette bygd og by opp mot kvarandre, så må vi støtte kvarandre. Vi er avhengige av kvarandre for at heile dette langstrakte landet skal fungere!

Så Statsminister Erna Solberg no kan du vise at det faktisk står for noke de seier som ikkje omhandlar skattelette til rike, billig alkohol og anna småplukk. No har de faktisk sjansen til å la folk flest få fridom; nemleg fridom til å velge kor ein vil bu, og legge midlane (som alle er med å betale inn) i statskassa tilrette for det!

Skal vi håpe og tru at det som faktisk vert produsert snart blir sett på som edle dråpar, og at distriktsnoreg ikkje endar opp som spilt melk...?

Te

No sit eg å ventar på at teen min skal trekke ferdig. Eg har smakt slik te før, anbefalt av ulike helsekostforretningar, men alt ialt er det berre tørka Timian og Oregano, som ein kan dyrke i vinduskarmen eller i ei blomsterkasse heime hos seg sjølv;)



Ein god start på mitt nye og betre liv;)
Ha ein fin torsdagskveld!:)

Eit nytt og betre liv (trur eg;)

I går var eldstmann i huset på besøk med ei jente frå klassen sin. Då vi kom dit for å hente han, vart vi invitert inn på kaffi-veldig koseleg og interessant! Mora i huset er frå Litauen, og sidan minstejenta har vore så forkjøla, byrja vi å snakka om naturmedisin. Det å bruke krydder som nellik, anis, timian o.l til å brygge te, skal t.d hjelpe mot hoste og forkjølelse. Og på ein 5 mnd gamal baby vil eg heller bruke kokt vatn med litt anis i enn å pøse på med antibiotika.
Det å vere flinkare til å bruke tinga rundt oss, og sette oss litt inn i kva dei brukte ulike urter og krydder til før. Det er jo ein grunn til at dei brukte det vil eg tru. Om hausten er her store mengder med blåbær, tyttebær, villbringebær o.l. som berre blir ståande ute i skogen, for det er jo lettare å kjøpe ting på butikken.

Så eg har eit mål, eit mål om å starte eit nytt og betre liv. Eg skal bli flinkare til å lære meg å lage sylte og saft sjølv. Så skal eg plukke mykje bær og ha i frysen, slik at eg slepp å koke dei frosne bæra før eg skal bruke dei. Så viss eg får til alt dette, så må det no bli bra. Så godtfolk gå difor ut i skogen og plukk gode saftige bær. Spør om du får plukke eple i den hagen der ingen plukkar, og eplene rotnar på rot. Også får vi alle eit nytt og betre liv (trur eg;)

Les mer i arkivet » Oktober 2018 » Februar 2017 » Juli 2016
Hanne

Hanne

33, Stryn

Då var eg i gong; eg har heve meg på den bloggande bølge, så får vi sjå om det er noke for meg. I ein verden full av ulike stemmer med ulike meiningar, hiv eg meg med for å sjå om eg kan bidra med noke... Det som elles kan seiast om meg er vel at eg har busett meg mellom fjell og med utsikt utover vatn saman med min kjære mann og tre barn. Kva eg skal skrive om? Tja, det blir nok mykje dikt, men óg andre ting som opptar meg der og då. Eg kjem nok aldri til å bli av dei som oppdatera bloggen kvar dag, men eg skriv når eg føle for det 😉

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker